Askvoll Fjordhotell
 
askvoll_fjordhotell_frontweb_karianne.jpg

Om hotellet

Askvoll Fjordhotell har 26 flotte rom med bad og er ein god stad å overnatte, ete frukost og middag for tilreisande i samband med yrke.

Grupper og individuelle i ferie og fritidsmarknaden har tradisjonelt valt Askvoll Fjordhotell for å kunne oppleve kystkulturen, lokal mat og eit hyggeleg hotellopphald. Til den lokale marknaden tilbyr hotellet også selskap, minnestunder, møterom, bar/pub, catering og vårt restauranttilbod.

Hotellet har også konferansefasilitetar for opptil 50 personar.

Ta kontakt for meir informasjon om vårt tilbod eller bruk vår booking på desse sidene.

Askvoll

Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Kommunen strekkjer seg frå bygdene på sørsida av Førdefjorden i aust og til Bulandet i vest, med Dalsfjorden i sør og Førdefjorden i nord.

Askvoll byr på mektige naturopplevingar - frå fjord til øyar ytst i havgapet. Her finn du fleire av dei beste toppturane i regionen, som Alden (481 m.o.h) og Blegja (1304 m.oh), det høgste fjellet i regionen.

Er du interessert i historie og kultur, vil eit besøk på Helle Knivfabrikk vere av interesse. Lengst vest i havgapet ligg Bulandet og Værlandet med sine øyar, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240 meter vei. Øyane her er eit populært reisemål for deg som likar å sykle, padle, fiske eller å gå fotturar.