Askvoll Fjordhotell
 
Nytt-rom.jpg

Firmatilbod

Har ditt firma eit oppdrag i Askvoll området og treng ein plass å bu? Askvoll Fjordhotell er plassen.

Vi tilpassar frokosten etter ønskje frå deg. Treng du tidleg frokost for å rekke første ferja til Værlandet/ Bulandet, er det ingen problem. 

Skal firmaet jobbe med eit prosjekt som går over lengre tid, kan vi komme med eit godt tilbud.

Hotellet har 7 nyare rom med eigen kjøkkenkrok kor det er muleg å lage seg litt mat sjølv. Desse romma har og eigen inngang frå utsida, slik at du kan komme og gå når som helst, utan å forstyrre dei andre gjestane.

Vi sender faktura.

Send førespurnad om pris til : post@askvollfjordhotell.no

 

Pensjonist grupper

Vi har eit fint oppleggsom fleire pensjonist grupper har benytta seg av.

Overnatting på hotellet med frokost, middag og dessert.

Den eine dagen går med til utflukt til Værlandet/ Bulandet.  Ferja går frå Askvoll 9.15. Turen ut til Værlandet tar ca 1 time. På ferjekaia der ute blir dokke møtt av Ruth. Ho blir med i bussen og fortel og visar dokke rundt på øyene. Det blir lokal god fiskesuppe til lunsj. Dokke besøker blant anna Landøy Steinindustri, Tema parken. Før turen blir avslutta med kaffi og vafler på kaia. Ferja er tilbake i Askvoll 17.30. Slik at dokke rekk å slappe av litt før middag.

Eit besøk på Helle Knivfabrikker med omvisning der. Ein tur til Dale på Jacob Sande Tunet med omvisning.  Lunsj kan bestillast i Dale. Dette er ein litt roligare dag. Her blir det normalt litt tid til å sjå seg rund i Askvoll og.  Der eit besøk på Husflidsbua er å anbefale. 

Eit besøk til Svanøy og Svanøy Hjortefarm er og å anbefale.  Gruppa leige båt frå Askvoll til Svanøy. Her frå dei vere med å mate hjortane før det blir omvisning på Svanøy Hovedgård, der er muleg å bestille ein bedre lunsj.

Er det interesse for musikk ein kveld, skal det la seg ordne. Vi har ein lokal trubadur som gjerne spelar for dokke. 

Vi kan lage eit tilbud med pris på alle aktivitetane, vist det er av interesse.