Askvoll Fjordhotell
 
Nytt-rom.jpg

Firmatilbod

Har ditt firma eit oppdrag i Askvoll området og treng ein plass å bu? Askvoll Fjordhotell er plassen.

Vi tilpassar frokosten etter ønskje frå deg. Treng du tidleg frokost for å rekke første ferja til Værlandet/ Bulandet, er det ingen problem. 

Skal firmaet jobbe med eit prosjekt som går over lengre tid, kan vi komme med eit godt tilbud.

Hotellet har 7 nyare rom med eigen kjøkkenkrok kor det er muleg å lage seg litt mat sjølv. Desse romma har og eigen inngang frå utsida, slik at du kan komme og gå når som helst, utan å forstyrre dei andre gjestane.

Vi sender faktura.

Send førespurnad om pris til : post@askvollfjordhotell.no

 

Pensjonist-grupper

Vi ønskjer ofte velkommen til pensjonistgrupper som vil sjå kysten av Sogn og Fjordane. Askvoll fjordhotell er eit glimrande utgangspunkt for å oppleve dette interessante området.

Aktuelle opplevingar:

  • Værlandet-Bulandet - eit fantastisk øyrike knytt saman med bruer og vegar. Ferja går rett utanfor hotellet, og tek ca 1 time. Ferjetider finn du på kringom.no. Turen er verkeleg ei oppleving vi anbefaler, og retur med ferja på ettermiddagen gjer dette til ein fin og avslappande dag.

  • Helle Knivfabrikker - besøk ein av dei mest tradisjonsrike industribedriftene i landet

  • Jacob Sande-tunet er også ein populær tur for pensjonistgrupper. Opent om sommaren, med servering av kaffi og vafler

  • Vilnes kyrkje på Atløy, ei tømra langkyrkje frå 1674 er også eit godt alternativ

  • Husflidbua her i Askvoll er også ein stad de bør besøke.

Interessert i meir informasjon og pris? Ta kontakt med hotellet