Askvoll
Skal du benytte dagen til å slappe av og kose deg her i Askvoll, her er nokre tips:
Ut på gamle kaia, i eit gammalt bakeri finn du i dag Askvoll Sjømat og Delikatesser. Dei har bra utvalg i sjømat. For dei som eventuelt ikkje er så glad i havets delikatesser, er det andre godbitar der inne. Blant anna ferske bakevare og brød.
Husflidabua. Den finn du like ved Coop butiken, her har dei bra utvalg i heimestikka sokkar, panneband og liknande. Godt heimelaga flatbrød har dei og. For dei som er interesert i loalhistorie, kan du finne eit par godbitar her.
Inne ved båthavna finn du sandvollyball-bane og ein liten klatrepark for dei som ynskjer å vere litt aktive. Her akn du også ta deg ein dukkert, om været skulle vere rett.
Lyst på ein liten trimtur og samtidig få eit lite innblikk i litt lokal historie? På kulturvandring.no finn du kulturvandringsløyper rundt om i fjordkysten. Det er laga ei her i Askvoll. Start nede ved ferjekaia.